Latest posts
Vi er tilbake
Lesarane vil truleg ha lagt merke til at bloggen har vore lite aktiv den siste tida. Det er med sorg vi melder at dette skuldast personlege årsaker: R. Oma har fått slag, og deltek for tida i eit treningsopplegg som … Les meir →...
Kva meiner Lisboanemndi om datalagringsdirektivet?
Du finn høyringsfråsegna vår saman med høyringsfråsegnene til andre organisasjonar på heimesidene til Samferdselsdepartementet.
Godt nyttår!
Vi vonar alle lesarane hadde ei sivilisert nyttårsfeiring med champagne frå EU, og at 2010 ser ut til å bli eit like godt år for dykk som det vil bli for oss – og for EU.
God jul til alle lesarane!
Før julefreden til slutt senkar seg over landet vårt – og over EU –, vil vi i redaksjonen ønskje alle lesarane våre ei god jul. R. Oma har allereie, tradisjonen tru, byrja smake på cognacen vi kjøpar inn i eit … Les meir ͛...
Upassande og øydeleggjande av Ashton
Lisboanemndi reagerer sterkt på dei nye utsegnene til Catherine Ashton – den ny-utnemnde høgkommissæren for tryggleiks- og utanrikspolitikk i EU – om israelsk aktivitet i Aust-Jerusalem og på Vestbreidda. I ein tale til Europaparlamen...
EU og klimaendringane
Vi i Lisboanemndi har tidlegare kome med eit par hjartesukk over klimamara som rir verda for tida. Klimaforskarane, denne brokute forsamlinga SV-røystande, hasjrøykjande eks-hippiar som aldri-demonstrativt har ytt ein promille til noko lands BNP, v...
Lisboanemndi presenterer ny, relevant forsking
Fossen, Herbjørnsrud & Hagen, van der: Antihegemonisk praktisk prosessualitet – et oppgjør med neokonservative strukturelle paradigmer i norsk venstreoffentlighet. Kamme & Dagg forlag 2008. Forfatterne viser gjennom et distansert-subjekti...
Lisbo-ja
Redaksjonen i Lisboanemndi har endeleg vakna frå sigersrusen (bokstaveleg tala), og vil ønskje alle til lukke med det endeleg-samstemde lisboaja-et! Det rår inga tvil om at dette grunnleggjande dokumentet er avgjerande for den vidare utviklinga og...
Vegen vidare for EU
No som Lisboa-traktaten verkar vere vel i hamn, er det på sin plass å ta ordskiftet om kva slags EU vi ønskjer oss. Kva skal EU vere, og kva er føresetnadene for at det skal skje? Lisboanemndi har alltid stått … Les meir →...
Ei pinleg avgjerd
Det var ikkje utan ein hånflir om munnen vi mottok meldinga om at president Barack «Hussein» Obama får Nobels fredspris i år. At Torbjørn «Bongo frå Kongo» Jagland nok ein gong presterer å blamere seg sjølv og saka han visstnok … Les...
Lisboa quo vadis?
Den verste bøygen er overstått. Lisboa-traktaten er på god veg til å bli ratifisert av Europa, og vi kan byrje fokusere på kva traktaten vil føre til. Og kva er det? Europeisk leiarskap Lisboa-traktaten vil få ein slutt på det heller pinlege...
Ja, vi kan!
Endeleg er resultatet klart. Irland har sagt ja til Lisboa – dei har sagt ja til Europa. Eit relativt stort fleirtal – over 60 % – stemde ja. Det var relativt låg valdeltaking, truleg av di mange av dei som ville ha røysta ja, var...
Ein avgjerande augneblink for Europa
I dag går irane til stemmeurnene for å felle sin dom over Lisboa-traktaten. Konsekvensane for tettare europeisk integrasjon vil vere katastrofale dersom dei nok ein gong presterer å stemme feil. Lisboa-flausen, som vi kallar det her på kontoret,...
Det tredje postdirektivet: post i framgang
Brüssel, sjølve maktsenteret i Europa, har tidlegare i år vedteke at alle EU-land skal følgje det tredje postdirektivet. Postdirektivet er eit veritabelt løft for alt som skal sendast fysisk frå ein avsendar til ein mottakar. Direktivet vil opn...
Samfunnsavdelinga oppsummerer valet
Stortingsvalet er overstått. Kva no? Vi i samfunnsavdelinga vil setje fingeren på tre viktige trekk ved resultatet: 1) Alle dei såkalla miljøpartia går tilbake. Sjølv om SV-lakeiane i Natur og Ungdom gjorde som best dei kunne for å sverte Arbe...

